Eg hadde så vidt lest om høgsensitivitet i blad, høyrt litt i media osv., men skubba det vekk, ville ikkje vere ein av dei, fornekta at det kunne vere meg. Sjølv om eg innerst inne fann noko gjenkjennande så ville eg ikkje vere ved det. Hos frisøren fann eg brosjyrene til Foreningen for høysenstive og tok med meg heim, men las dei ikkje. Neste gong eg var der låg dei der igjen. Tok igjen med meg brosjyrene og denne gongen las eg dei. Gjekk inn på heimesida til Foreningen for høysensitive og las meir. Fann anbefalte bøker eg kunne lese. Las Boken om høysensitivitet av Trond Haukedal (slukte den i løpet av 2 dagar), alle dei tre bøkene av Elaine Aron som var oversett til norsk var neste ut, Ilse Sand si bok Aksepter deg selv.  Til meir eg las til meir forstod eg.

Traff tilfeldig ei dame som fortalte ho hadde vore på kurset Sensitiv styrke om karaktertrekket høgsensitivitet i regi av Foreningen for høysensitive. Etter litt fram og tilbake bestemte eg meg får å gå på kurset Sensitiv Styrke.

Gjennom kurset fekk eg bekrefta det eg viste frå før, bekrefte det positive med meg sjølv, at eg er ein ressurs, noko som eg innerst inne visste, men som eg ikkje har tørt å tru heilt på. Gjennom ressursane som eg fekk fortalt om på kurset, kunne eg gjenkjenne meg sjølv og tørre å tru på det.

Eg vil kalle bøkene og den kunnskapen eg fekk gjennom dei som skjelett, medan kurset Sensitiv styrke var som kjøt og blod utapå skjelett. Kurset fylte ut tomromma. Saman med andre fekk eg føle på gjenkjenning og samtidig kor forskjellige vi kunne vere. Svært ulike personar med same karaktertrekk samlast på kurset, og det var stor lærdom i å høyre andre sine kommentarar.  Eg gjekk etter kvart også begge fordjupningskursa, Sensitiv styrke del 2 og 3, som foreninga har, og kom djupare og djupare inn i stoffet. Eg fekk bekrefting igjen og igjen på eit djupare plan, at eg ikkje er åleine, og eg følte meg etter kvart privilegert over å ha personleghetstrekket. Ved å gå alle kurs vart utfordringspotten mindre og ressursane kjem tydlegare fram. Det positive tek no så stor plass at det negative eller utfordringane får ikkje gro. Det er rett og slett ikkje grobotn for det negative lenger.

Som liten følte eg meg åleine, rar, einsam, overfølsam, sår/sårbar, passa ikkje inn, nærtakande osv. Fann ikkje gjenklang nokon stad.

I dag ser eg mitt liv og mi historie med heilt anna blikk. No eig eg mi eiga historie. Det som tidlegare har vore opplevd som sårt og bittert, kjem inn i ei ny forståing og aksept. No ser eg det som har skjedd i lys av kunnskap om karaktertrekket. Eg forstår også dei rundt meg som ikkje forstod meg før. Eg kan godta det som har skjedd på ein anna måte, og har dermed vorte meir heil.

Lenge før eg leste om høgsensitivitet hadde eg skjønt at eg måtte ta meir vare på meg sjølv, og gje meg nokre pausar til å hente meg inn igjen etter travle dagar, men eg fekk ofte dårleg samvittigheit. Vårt samfunn skal vere så effektivt, så når ein tek pause får ein dårleg samvittigheit og kjennar seg lat. No tek eg dei ladestundene med god samvittigheit. Eg koser meg og har på mange måter følelse av mitt eige SPA når eg kan vere åleine og slappe av, lese bøker og lignande.

Trur at utan kunnskapen om høgsensitivitet som eg har fått gjennom kursa til foreininga og bøkene, hadde åleineheita mi blitt einsamheit og utaforfølelse. No tillet eg meg sjølv å vere åleine og nyte det utan å føle meg spesiell eller einsam.

Med kunnskapen eg har fått har livet falle på plass. Kart og terreng stemmer. Eg har fått indre ro, den såre lengten etter noko er vekke, eller følelsen av at eg er feil eller annleis. Eg har ikkje noko å vere lei meg for lenger.

Eg føler meg heil og rett og slett aksepterer meg sjølv.

Eili, 60 år

Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on TwitterEmail this to someone